Med ny lov om vergemål frå 1. juli 2013 blei det lokale ansvaret for verjetrengande overført frå kommunane til staten. Per 1. januar 2016 hadde om lag 64 000 personar verje, og det var nærare 46 000 verjer. Dei fleste verjene er familie eller andre nærståande. Fylkesmannen skal gi verjene nødvendig opplæring, rettleiing og støtte, og føre tilsyn med verjene. Statens sivilrettsforvaltning skal føre tilsyn med fylkesmannen. Undersøkinga omfattar perioden 2013–2017.
Målet med undersøkinga har vore å vurdere innføringa av verjemålsreforma ut frå måla frå Stortinget om auka rettslikskap og rettstryggleik for menneske som ikkje er i stand til å sørgje for sine eigne interesser, og årsaker til eventuelle manglar på området.
Funn
Ikt-problem har forseinka gjennomføringa av verjemålsreforma
Problema med ikt-løysinga har bidrege til forseinkingar, og dette skaper framleis utfordringar med å byggje opp den lokale og sentrale styresmakta for verjemål og med å gjennomføre reforma.
Det er manglar i tilpassing av verjemål ut frå behov hos den verjetrengande
Mandatet for verjeoppdraget har ofte ei generell utforming. Det kan gi verja for vide fullmakter og svekkje rettstryggleiken for den verjetrengande.
Det er utfordringar ved opplæring av og tilsyn med verjer
Fylkesmannen manglar oversikt over gjennomførte opplæringstiltak for dei enkelte verjene og ein einskapleg systematikk for tilsyn med verjer.
Det er lite kontroll og variabel oppfølging av verjerekneskapar
Fylkesmannen avdekkjer ofte feil i verjerekneskapar.
Det finst ikkje statistikk over kor mange verjer som er fråtekne oppdraget. Nokre fylkesmenn har etter kontroll av verjerekneskapane teke oppdraget frå meir enn 50 verjer sidan 2013, medan éin fylkesmann ikkje har teke oppdraget frå nokon.
Det manglar nasjonale retningslinjer på sentrale område
Eit fleirtal av fylkesmennene er ikkje nøgde med den faglege oppfølginga frå Statens sivilrettsforvaltning og har mellom anna etterlyst betre nasjonale retningslinjer på sentrale område.
Potensialet for betre rettstryggleik blir ikkje utnytta godt nok
Justis- og beredskapsdepartementet og Statens sivilrettsforvaltning har ikkje fått utnytta det potensialet for betre rettstryggleik som låg til grunn for reforma.
Det er manglar ved styringsinformasjon og tilsyn med fylkesmennene
Statens sivilrettsforvaltning fastsette først i 2016 resultatmål for saksbehandlingstida for fylkesmannen.
Statens sivilrettsforvaltning har ikkje utarbeidd eit samla system for tilsyn med fylkesmannen.
Tilrådingar
Riksrevisjonen tilrår at Justis- og beredskapsdepartementet
tek initiativ til at Statens sivilrettsforvaltning utviklar nasjonale retningslinjer på sentrale område innanfor verjemål, mellom anna retningslinjer for samtykkekompetanse og individtilpassing
sørgjer for at Statens sivilrettsforvaltning får på plass eit systematisk tilsyn med fylkesmennene på verjemålsområdet
ber Statens sivilrettsforvaltning sørgje for at fylkesmannen dokumenterer vurderingane som ligg til grunn for individtilpassing, slik at mandata for verjeoppdraga ikkje blir meir omfattande enn nødvendig
i samarbeid med Statens sivilrettsforvaltning vurderer korleis fylkesmannen kan betre tilsynet med verjeoppdrag og kontroll av verjerekneskapane