Hordaland

Les hele rapporten

3.1.3.4 Økt rettssikkerhet og rettslikhet for vergetrengende

Embetet har i 2017 halde fram arbeidet med å vidareutvikle ei god førstelinjeteneste på verjemålsområdet og vi har arbeidd for å nå resultatmåla som er sett.

Det har vore eit krevjande år med ein særs vanskeleg ressurssituasjon i tillegg til auka inngang av nye saker. Embetet måtte i starten av 2017 redusere med fire årsverk for å tilpasse oss til redusert tildeling. Som ein konsekvens av ressurssituasjonen har vi ikkje klart å nå alle måla. Det har særleg vore utfordrande å nå resultatmåla for oppretting av verjemål for vaksne, og for søknadar om godtgjering og utgiftsdekning. Vi har prioritert hasteoppnemningar og midlertidig verje for tilrettelagde avhøyr, som har vore sakshandsama innanfor målkravet.

Til tross for eit krevjande år så har vi arbeidd målretta med å sikre høg kvalitet i sakshandsaminga og halde ei god, dagleg drift av verjemålsområdet. Vi har innanfor dei fleste områda utarbeidd gode rutinar og malar. Vi har også prioritert å føre tilsyn og kontroll med faste verjer. Vi har hatt opplæring og informasjonsarbeid for faste verjer og EMA-verje representantar, og vi har mellom anna arrangert to frukostmøte og hatt fagsamlingar for desse. Vi har  rekruttert inn fleire nye faste verjer. Alle nye faste verjer og representantar har vore innkalla til individuelle samtalar og har fått opplæring. Eit profesjonelt verjekorps med gode og kompetente verjer er ein føresetnad for at verjemålsordninga skal fungere etter intensjonane, og dette krevjar god og målretta oppfølging frå verjemålsforvaltninga.

Vi har gjennomført samtale /telefonsamtale i samband med oppretting av verjemål med alle vergehavarar der dette har vore mogleg og føremålstenleg.

Vi har starta arbeidet med å gjennomgå verjeoppdrag med advokatsats. I 2017 er det berre oppnemnt advokatverjer i saker kor verjemålet krev juridisk bistand eller vurdert særskilt krevjande.

Alle rekneskap i det sentrale uttrekket er kontrollert innan tidsfrist, og vi har i tillegg kontrollert ein rekkje rekneskap basert på risikovurderingar og bekymringsmeldingar. Vi har tidlegare gjennomgått alle verjemål oppretta etter gamal lov for å sikre at dei har riktig status for rekneskapsplikt, men ved oppgradering av system har alle våre endringar blitt sletta. I 2017 klarte vi ikkje å prioritere ny gjennomgang av desse sakene.

Som vi ga tilbakemelding om til SRF i vårt brev av 17.10.2017 så har vi hatt store utfordringar i samband med oppgåver i Agresso og i kapitalforvaltninga, særleg knytt til kapasitet og kommunikasjon med bankane. Det er viktig at dette område blir prioritert framover når det gjeld utvikling og forbetring av funksjonalitet.

Vergemålsapplikasjonen VERA fungerer betre enn den tidlegare applikasjonen ARVE. Det er likevel mykje ustabilitet og "nedetid" i systemet noko som igjen går ut over produktiviteten.

Verjemålsforvaltninga har i fleire år vore underfinansiert. Vi går inn i 2018 med ein betre ressurssituasjon på vergemålsområdet noko vi vurderarar som heilt avgjerande for at vi skal kunne nå intensjonane i verjemålsreforma.

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal (fra kapittel 3.3.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 80 dager.

Vi har prioritert saker om oppretting av verjemål men på grunn av stor inngang av nye saker og for lite ressursar så har vi ikkje klart målkravet. I tillegg går fleire saker over frist fordi vi må innhente fleire opplysningar eller grunna manglande /mangelfull legeerklæring.

Saksbehandlingstid - Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 80 dager

Resultat Resultatmål Differanse
75 % 80 % - 5 %
 
 

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital (fra kapittel 3.3.2.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 28 dager.

Vi har i 2017 nådd resultatmålet om at 80 % av vedtaka skal vere fatta innan 28 dagar.

Saksbehandlingstid - Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 28 dager

Resultat Resultatmål Differanse
84 % 80 % 4 %
 
 

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter (fra kapittel 3.3.2.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 42 dager.

Vi har prioritert arbeid med godtgjering og utgiftsdekning til verjer og representantar i 2017 men med den krevjande ressurssituasjonen vi har hatt gjennom heile 2017 har vi ikkje klart målkravet.

Vi fattar omlag 3.500 vedtak i året og dette er ei av dei store mengdeoppgåva hjå oss. Behandling av søknadene er særs ressurskrevjande med det regelverket vi har i dag.

Saksbehandlingstid - Godtgjøring og utgifts-dekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 42 dager

Resultat Resultatmål Differanse
60 % 80 % - 20 %
 
 

Embetene skal i årsrapporten rapportere på antall og andel... (fra kapittel 7.3.4.2.1 i TB)

Rapportere påEmbetene skal i årsrapporten rapportere på antall og andel kontrollerte vergeregnskap, samt antall verger som er under oppfølging på bakgrunn av ikke godkjente vergeregnskap.

Samla sett har vi kontrollert 1100 verjerekneskap i 2017. I tillegg til sentralt - og lokalt oppretta kontrollaktivitetar, har vi fortløpande kontrollert verjerekneskap gjennom året, i samband med bortfall av vilkår, død eller byte av verje.

Vi har omlag 20 verjer under oppfølging.

30% av verjerekneskapa vart levert elektronisk via "Altinn" eller "Melding til Fylkesmannen".

Vergemålsordningen

Sum Antall kontrollerte vergeregnskap Antall mottatte vergeregnskap
15 % 507 3 295

Embetene skal i årsrapporten rapportere hvorvidt... (fra kapittel 7.3.4.2.2 i TB)

Rapportere påEmbetene skal i årsrapporten rapportere hvorvidt alle vergemål opprettet etter gammel lov har riktig status med tanke på regnskapsplikt.

Vi har tidlegare gjennomgått alle verjemål oppretta etter gamal lov og endra til riktig status med tanke på regnskapsplikt. Desse endringane har blitt sletta ved oppgradering av verjemålsapplikasjonen. Vi har i 2017 ikkje hatt kapasitet til å gjennomgå alle sakene på nytt grunna vår ressurssituasjon.


Comments