Møre og Romsdal

Les hele raporten her

3.1.3.4 Økt rettssikkerhet og rettslikhet for vergetrengende

Det er ei utfordring å rekruttere nok kompetente verjer i fylket. Det er varsla om dette ved fleire anledningar, men det er såpass alvorlig at vi finn grunn til å rapportere særskilt om det

For å kunne gjere ein god jobb for den verjehavar, må verjen ha god kjennskap til dei ulike tjenestetilboda som finns i Norge, og han må være villig til å stå på for verjehavar sine rettar. Verje må også ha god struktur, økonomiforståing og gode evner til samarbeid.

Fylkesmannen finn det utfordrande å finne gode verjersom oppfyller desse kriteria. Noko av utfordringa ligg i honoreringa. Arbeidsmengda står ofte ikkje i forhold til betalinga som er fastsatt i lov og forskrift. Verjene prøver å halde timetalet nede slik at verjehaver ikkje må betale meir enn det som er absolutt naudsynt. Dette utfordrar rettstryggleiken til verjehaver.

Fylkesmannen har i 2017 måtte nedprioritere å føre tilsyn med verjene ut over regnskapskontrollen.

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal (fra kapittel 3.3.2.1.1.1 i TB)

Rapportere påOpprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 80 dager.

Sjå tabell

Saksbehandlingstid - Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 80 dager

Resultat Resultatmål Differanse
90 % 80 % 10 %
 
For å oppnå målet har fylkesmannen hatt stor prioritet på området. Opprett verjemål har vore prioritert framfor endre verjemål.

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital (fra kapittel 3.3.2.1.1.3 i TB)

Rapportere påFylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 28 dager.

Sjå tabell

Saksbehandlingstid - Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 28 dager

Resultat Resultatmål Differanse
89 % 80 % 9 %
 
Fylkesmannen har alltid hatt stort fokus på dette området. Det er viktig for verjehaver at utbetalingane kjem raskt når det er behov for penger.

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter (fra kapittel 3.3.2.1.1.4 i TB)

Rapportere påGodtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 42 dager.

Også i 2017 vart resultatmåla for verjegodtgjering nådd.

Utfordringane på området har som tidlegare vore knytt til godtgjeringssaker for representantar og verjer for busette einslege mindrårige. Godtgjeringssakene kjem ofte inn i store bolkar og i samband med årsskiftet og avvikling av feriar har ein mottatt særs store saksmengder. For å løyse desse utfordringane har ein omdisponert sakshandsamarer i vergemålsgruppa i perioder. Når det gjeld representantsaker vart det halde eige kurs for representantar i februar, der godtgjering og utgiftsdekning var eige tema. I tilllegg vart det utarbeid eit eige skjema til bruk for representantar og  verjer for busatte mindreårige. Dette har auka effektiviteten på området.

Ein har i 2017 gitt innspel til Statens sivilrettsforvaltning si høyring for og godtgjering og utgiftsdekning, og ser fram til at regelverket eventuelt vert noko revidert, og at det kjem nytt rundskriv på området.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har enno ein del advokatar inne som verjer og ein tek i 2018 fatt på arbeidet med å gå gjennom alle desse saken i høve godtgjeringsspørsmålet.

Saksbehandlingstid - Godtgjøring og utgifts-dekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 42 dager

Resultat Resultatmål Differanse
89 % 80 % 9 %

Embetene skal i årsrapporten rapportere på antall og andel... (fra kapittel 7.3.4.2.1 i TB)

Rapportere påEmbetene skal i årsrapporten rapportere på antall og andel kontrollerte vergeregnskap, samt antall verger som er under oppfølging på bakgrunn av ikke godkjente vergeregnskap.

Fylkesmannen har ikkje nøyaktige tal på antall verjer under oppfølging utover uttrekket. Når det gjeld uttrekket føl fylkesmannen opp verjer som ikkje får godkjent rekneskapet. I 2017 var det 36 rekneskap som ikkje vart godkjent. Vidare føl fylkesmannen opp verjer som ikkje leverer rekneskap i det heile tatt. I 2017 vart det ikkje levert rekneskap i 14 saker.

Vergemålsordningen

Sum Antall kontrollerte vergeregnskap Antall mottatte vergeregnskap
14 % 273 1 884
Fylkesmannen har ikkje lukkast i å finne tal på antall kontrollerte rekneskap anna enn sjølve uttrekket. Desse tala er ikkje ført opp i styringsverktøyet og statens sivilrettsforvaltning har heller ikkje svart på forespørsel om talmaterialet. Uttrekket er ført inn i tabellen, men i tillegg til dette vart avsluttande verjerekneskap kontrollert fram til mai 2017. Vidare kontrollerer fylkesmannen alle rekneskap frå verjer som vert bytta ut i løpet av året. Alle tilgjengelege ressursar vart brukt på å kontrollere uttrekket og ein hadde dessverre ikkje ressursar til å kontrollere meir enn dette i 2017.

Embetene skal i årsrapporten rapportere hvorvidt... (fra kapittel 7.3.4.2.2 i TB)

Rapportere påEmbetene skal i årsrapporten rapportere hvorvidt alle vergemål opprettet etter gammel lov har riktig status med tanke på regnskapsplikt.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjekk gjennom alle verjemål i 2014 for å sjå kven som hadde plikt til å sende verjerekneskap. Vidare går fylkesmannen gjennom lista over dei som ikkje har levert rekneskap kvart år. Det vert da sjekka på nytt om dei har rekneskapsplikt for å sjå om det er årsaka til at dei ikkje leverer. På denne måten meiner fylkesmannen å ha god kontroll på kven som har plikt til å levere rekneskap.

3.4 Redegjørelse for, analyse og vurdering av ressursbruk

Ressursrapportering

Endringane frå 2016 til 2017 skyldes i hovedsak betaling av pensjonspremie til statens pensjonskasse på alle områda, rammeoverføring av midlar på beredskap frå JD og midlar på tilsyn barnevern frå BLD. Det har også vore ei flytting av resomr 470 integrering innvandrere frå BLD, til resomr 570 hos JD. På grunn av redusert ramme  på vergemål har  vi hatt større lønnsbelastning på driftskapitlet.

Område vi meldte inn er oppgåver innafor vergemålsområdet (generelt underfinansiert i forhold til oppgåvemengda), helse- og sosialområdet (antal tilsyn for høgt), miljøområdet (forurensa sjøbotn) og reguleringsklager (urealistisk krav at alle sakene skal handsamast innan 12 veker). Fleire av utfordringane vi meldte inn er etter som vi forstår utfordringar som gjeld mange fylkesmannsembeter, men like fullt er det slik at vi ikkje har tilstrekkelege ressurser til å gjennomfører dei tiltaka eller oppnår dei måla som er kravd. Når det gjeld landbruk og utdanning er det innafor desse områda ikkje utfordringar med å nå dei måla som embetet har krav om.

Strategisk leiargruppe vart samde om ei omprioritere av midler som tidlegare har vore brukt på miljø- og landbruksområdet, samt at vi brukte heile mindreforbruket frå 2016 til å styrke dei områda der fylkesmannen ikkje har hatt full måloppnåing på område som gjeld rettsikkerhet for einskild menneske.

Vi finansierer også i noko grad vergemålsområdet som foreløpig er prosjektfinansiert av fylkesmannen sine ordinære driftsmidler, dette for å sikre eit minimum av rettssikkerheit til ei særleg sårbar gruppe.

Område som vi har styrka innsatsen vår på er:

  • Tvang og makt – kap 9
  • Styrking av juristkompetanse plansaker
  • Avsatt midler til lønn prosjektleiar kommunereform (ut avtaleperioden)
  • Generell styrking av ramme helse- og sosialområdet og justisområdet
  • Støtte til vergemålsområdet (underfinansiert prosjekt)
  • Rydding av eldre arkiv

Etter endeleg rammetildeling er det ikkje endringar i vesentlege risikomomenter, men våre interne omprioriteringer gjer at vi kjem nærare måla på noko av dei områda som vi har meldt inn, men vil fortsatt ikkje kunne kvittere ut alle.



Comments