Sogn og Fjordane

Les hele rapporten

3.1.3.4 Økt rettssikkerhet og rettslikhet for vergetrengende

I 2017 har vi nådd krava til resultatmåla i alle tre sakstypar, altså sakshandsamingstider for

  • oppretting av verjemål
  • samtykke til bruk av kapital
  • godtgjering og utgiftsdekking til verjer og representantar

Vi har prioritert desse sakstypane gjennom året, og ser ein stor fordel av å ha gode rutinar og erfarne sakshandsamarar på området. Det har vore merkbart for vår saksmengd at alle asylmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar i fylket har vorte lagt ned i løpet av året. At inngangen i talet på saker har vore lågare i 2016 enn i 2017 har vore avgjerande for at vi har god måloppnåing i 2017.

Vi har også jobba godt med andre sakstypar enn dei som er omfatta av resultatmåla. Sakshandsamingstida i desse sakene er høgare, noko som er eit resultat av prioriteringane våre.

Sjølv om tala i dei prioriterte sakene er gode, opplever vi at situasjonen er krevjande og at vi må gjere harde prioriteringar. Vi er lite tilgjengelege for verjer og personar under verjemål, med berre to timar telefonvakt kvar dag. Kapitalforvaltinga har vi ikkje kunna prioritere frå 2013 og fram til no, og vi vil ikkje kunne ta tak i år heller.

Vi har framleis mykje å gå på når det gjeld rekruttering, opplæring, oppfølging og tilsyn av verjene. Det er ei utfordring for oss å rekruttere nye verjer, og i fleire område i fylket har vi eit stort behov for verjer. I nokre saker må personar som har behov for verje vente unødvendig lenge fordi vi ikkje får tak i eigna verjer. I andre saker har vi sett oss nøydde til å oppnemne advokatverjer, i alle fall for ein periode, sjølv om oppdraget ikkje har kravd juridisk kompetanse.

Opplæring av verjer har vi redusert til eit minimum. Det tek lang tid og krev mykje ressursar å reise rundt i fylket for å syte for eit tilbod om opplæring til så mange verjer som mogleg. Vi ser òg at det er få verjer som møter til verjesamlingar, og vi har sett oss nøydde til å avlyse fleire planlagde samlingar på grunn av dårleg påmelding. Det kan skuldast at det blir langt for verjene å reise til samlingane, at mange ikkje rekk å møte til samling etter arbeidstid og at dei ikkje får dekt godtgjering til samlingane.

Vi fører ikkje tilsyn med verjer utover oppfølging av det mest alvorlege (straffbare tilhøve) vi blir tipsa om.

Som tidlegare år held vi fram med at verjemålsområdet er underfinansiert og at dei tilsette arbeider under stort press. Vi har for få ressursar til å jobbe målretta med oppgåver som ikkje er rein sakshandsaming, som rekruttering, opplæring og tilsynsverksemd. Vi fryktar at vi skyv på eit problem og at vi ikkje avdekker saker som går ut over personar med verje, og i verste fall lovbrot.

I rekneskapsgjennomgangen har vi gått gjennom alle rekneskapar i utdraget på 15 prosent. Ved hjelp av sommarvikarar har vi også i 2017 gått overflatisk gjennom alle rekneskap, og vi følgjer opp der vi avdekkjer store manglar og eventuelle lovbrot

Nytt i 2017 er at vi har gjennomført samtalar med alle faste verjer, ein slags «medarbeidarsamtale», der vi har gått gjennom aktive verjemål, gitt råd og rettleiing og svart på spørsmål. Det har vore nyttig både for oss og verjene.

Frå og med hausten 2016 og i 2017 har vi tatt ut fleire stemningar i saker om fråtaking av rettsleg handleevne. Dette er saker vi ikkje har hatt kapasitet til å prioritere tidlegare.

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal (fra kapittel 3.3.2.1.1.1 i TB)

Rapportere påOpprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 80 dager.

Resultatmålet er nådd. Vi har gjort 84 prosent av vedtaka innan 80 dagar.

Saksbehandlingstid - Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 80 dager

Resultat Resultatmål Differanse
84 % 80 % 4 %
 
 

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital (fra kapittel 3.3.2.1.1.3 i TB)

Rapportere påFylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 28 dager.

Resultatmålet er nådd. Vi har gjort 80 prosent av vedtaka innan 28 dagar.

Saksbehandlingstid - Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 28 dager

Resultat Resultatmål Differanse
80 80 0
 
 

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter (fra kapittel 3.3.2.1.1.4 i TB)

Rapportere påGodtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 42 dager.

Resultatmålet er nådd. Vi har gjort 94 prosent av vedtaka innan 42 dagar.

Saksbehandlingstid - Godtgjøring og utgifts-dekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 42 dager

Resultat Resultatmål Differanse
94 % 80 % 14 %

Embetene skal i årsrapporten rapportere på antall og andel... (fra kapittel 7.3.4.2.1 i TB)

Rapportere påEmbetene skal i årsrapporten rapportere på antall og andel kontrollerte vergeregnskap, samt antall verger som er under oppfølging på bakgrunn av ikke godkjente vergeregnskap.

Fylkesmannen har kontrollert 15 prosent av verjerekneskapane etter uttrekk frå Statens sivilrettsforvaltning. Vi har hatt ein grovare gjennomgang av dei andre 85 prosentane, men likevel slik at alle rekneskap er kontrollerte. Vi har purra opp manglande dokument og følgt opp der vi har reagert på disposisjonar som er gjorde utan samtykke, eller anna.

Vi har fire verjer under oppfølging på grunn av ikkje godkjente rekneskapar, eller fordi rekneskapar ikkje er sende inn.

Vergemålsordningen

Sum Antall kontrollerte vergeregnskap Antall mottatte vergeregnskap
100 % 860 860
 
 

Embetene skal i årsrapporten rapportere hvorvidt... (fra kapittel 7.3.4.2.2 i TB)

Rapportere påEmbetene skal i årsrapporten rapportere hvorvidt alle vergemål opprettet etter gammel lov har riktig status med tanke på regnskapsplikt.

Vi har gått gjennom alle løpande saker og endra status på rekneskapsplikt der det har vore feil.


Comments